En presentasjon av styret:
Ann Berit Sagedal
x
x
x
skrevet av Charlotte Svendsen
Ann Berit Sagedal har vore styremedlem sidan stiftelsesmøtet, til det som då heitte Avlsforeningen for norske varmblodstravere, 2. mars 2013. Ho har vore sekretær i mange år, og har dei siste åra vore kasserer i Travavl.no. Ho har hatt verv som sekretær i det lokale travlaget Setesdal Tråvlag i om lag 15 år, men ikkje dei siste åra.
Det var ridesporten som stod Ann Berit nærast i starten av hesteinteressa, men på 1980-talet kjøpte ho seg ei travhoppe. Ho var vanskeleg i banen, og utretta ikkje det heilt store resultatmessig, men det førte til at trav vart ein hobby for Ann Berit. Etter dette hadde ho ein og annan hest ho trena sjølv. På slutten av 80-talet byrja ho å bedekka, det ho sjølv omtalar som dei halvdårlege hoppene. Det er avlsbiten som tek opp tida hennar no, og har gjort det meir eller mindre heile 2000-talet.
I stallen på Åvesland i Evje står det fire varmblodsavlshopper og to kaldblodsavlshopper, 5 åringar og 4 føl. Dei fleste føla frå varmblodsoppdrettet heiter Genius til etternamn, medan kaldblodsane har fått Voyle som førenamn. Ifølgje Ann Berit har det ikkje blitt nokon internasjonale stjerner enno, men ho er oppdrettar av V75-vinnarar og klasseløpsdeltakarar. Det har òg blitt pallplasseringar og gode plasseringar i løp som H.P. Tholfsens minneløp, Bjerkebanens oppdretningsløp, Jarlsberg Grand Prix og Support Justice æresløp. Den raskaste er Cantab Genius frå den gode 2013-årgangen. Han trava 1.11,2 i kvalifiseringa til Jarlsberg Grand Prix, men nådde ikkje finalen. Av hestar som har utmerka seg så langt i år, trekkjer ho fram Ithinkiama Genius. Han er eksportert til Finland, og har vunne løp både i Sverige og Finland.
I tillegg til hest driv Ann Berit med ammekyr av rasen Skotsk høylandsfe. Sambuaren hennar har hatt nokre aktive travarar, i tillegg til Ann Berit sine hopper og unghestar. Ho har hestane sine på garden i Evje, og dei går på beite heime heile sommaren. Ann Berit samarbeider med Lage Rosten, som hjelper til å temma nokre av unghestane for ho. Dei fleste hestane vert selde på auksjon som åringar. Det meste av arbeidskarrieren sin har ho hatt i forsvarssektoren, men for to år sidan vart ho pensjonist. Den tida ho ikkje tek seg av dyra sine, set ho stor pris på å vera saman med sonen og dei tre barneborna.