Mona og Thai Tanic

Mojo’s Maxmara e. Nu Pagadi og Massive G.T.

skrevet av Charlotte Svendsen

Mona Gåsbakk har vore med i styret i Travavl.no i fleire år. Ho har vore rabatthingstansvarleg, og er no med i turkomitèen. Hesteinteressa hennar vart vekt allereie i 4-årsalderen, og ho fekk eigen hest på fôr då ho var 14. Det var då ho starta som stalljente hjå Hans Petter og Eli Rishaug Iversen (systera til Bjørn Rishaug) travinteressa slo til for fullt. Der fekk ho ansvar for vinnarhestar som Brian og Pål Banker.

Då ho var 18 år fekk ho sin fyrste eigne travhest. Høiby Gnisten er den hesten som har betydd mest for Mona. Han var fødd i 1993 og tjente over 1,2 millionar kroner på sine 151 startar. Han vann 36 løp og var på trippelen over 60 gonger. Då blir ein hekta. Mona hadde han som løpshest i 10 år. Ho fekk to avkom etter han, men ingen av dei kom til start.

Nyleg flytta ho hesteverksemda frå Langland Stutteri til Rissa. Der har ho 12 hestar. Dei to avlshoppene Stumne Saga og Creek’s Tamina, eit hoppeføll etter Ådne Odin og Stumne Saga, ein 2-årshingst etter Raja Mirchi og Massive G.T. og 5 åringar. I tillegg har ho dei tre avlshingstane Nu Pagadi, Umoko og Hard Cash i si varetekt. I fleire sesongar har ho tatt seg av Ådne Odin, som har fått ein spesiell plass i hjarta hennar. På Rissa får unghestane gå på utegang med ein stor ridehall dei kan boltra seg i ved dårleg vêr. Tribunen i ridehallen er ein perfekt rekrutteringsstad, sidan bygdefolket her kan koma inn for å sjå på hestane.

Tobarnsmora elsker å reise, sjølv om ho ikkje er så glad i sjølve flyturen. Så fort ho set foten i Paris, er turen gløymt. Ho drøymer om å reise til Normandie eller eksotiske reisemål med sol og varme, så fort koronarestriksjonane vert oppheva.

Den driftige dama har nok å henga fingrane i. Tidlegare var ho med i aksjonen Hest for folk flest, nestleiar i travavl.no og no er ho nestleiar i Klæbu Travlag. Ho studerer på BI, og jobbar tilnærma fulltid på Vinmonopolet. Dersom 42-åringen har tid til overs reiser ho gjerne på hytta, står på ski eller trener. Ho er også interessert i interiør, og liker å laga det fint rundt seg.