En presentasjon av styret:
Hanne E Lynne
Hanne og Revenue
Med Valley Victory i Kentucky
Hanne & Garland Lobell
Tennis #9 i verden Nicolas Almagro
skrevet av Charlotte Svendsen
Hanne E. Lynne har vore med i styret sidan Travavl.no bytta namn. Ho har vore nestleiar fram til i fjor. At det var hest ho skulle halda på med var ein tilfeldighet. Då ho var på ferie hjå besteforeldra på Hadeland fekk ho tilbod om å bli med å ri. Sjølv om ho aldri hadde vore borti ein hest kom ho galopperande oppover bakken på ein fjordingrygg, og då var det gjort. Hesteinteressa beit seg fast.
Etter å ha drive med ridehestar ei stund, byrja ho å vanka i stallen til Gunnar Eggen, då ho flytta til Oslo i 1980. Derifrå var vegen kort til veterinærhøgskulen. Ho jobba som veterinær i USA og England i ti år, der ho mellom anna var i hesteparadiset Kentucky og fekk opplæring til å bli tannspesialist.
For 16 år sidan var utanlandsopphaldet slutt. Tilbake i Noreg vart ho med i oppdrettsprosjektet Travavl. Dei oppdretta mange flotte hestar, mellom anna dei to klasseløpsvinnarar Bullchip og Chocolatique og rekordhesten Viking Spirit. Etter samarbeidet vart avslutta, har ho avla litt på eigehand. No har ho ei avlshoppe etter Conway Hall, som i år er bedekka med Bar Hopping. Ho har òg fått fleire føl etter Daisy Chip, mor til Bullchip. I år fekk hoppa sitt siste føl, ein hingst etter Readly Express.
Sjølv med slike gode oppdrettarresultat, er det Revenue som står ho nærast. Han imponerte ho i løpsbanen, og då ho fekk sjansen til å kjøpa han, slo ho til. Hanne eig halvparten av Revenue med Elin og Per-Ole på Holtan Gard. Hingsten har fått om lag 1000 avkom, som har tent 250 millionar kroner i løpsbanen. Den aller beste er Market Share, som har tent 40 millionar i USA. I tillegg har han to klasseløpsvinnarar i Noreg, og fire verdsrekordhaldarar etter seg. Revenue var den fyrste varmblodshingsten som var fullbooka i Noreg med 150 hopper i 2012.
Å hjelpa til på stevner i regi Larvik og Stavern Tennisklubb, er ei anna interesse Hanne har. Dyrlegen har ein travel kvardag med dette, i tillegg til hestar, avlsrådgjeving og avlsforeininga. Ho hjelper òg fleire i miljøet med marknadsføring og webdesign. Mannen og dottera er totalt uinteresserte i hest, men for Hanne er det avkopling å kosa seg i stallen.