VM på Yonkers med Papagayo E.

Tom og Papagayo E.

skrevet av Charlotte Svendsen

Tom Andersen er ein av dei som har vore med i Travavl.no sidan starten, i år er han valt som nestleiar. Han er mest kjent som eigar av verdsstjerna Papagayo E. Kven hugsar vel ikkje det løpet Papagayo E. gjorde då han dundra inn til verdsmeistertittel på ny verdsrekord? Det er ei heilt uslåeleg kjensle, fortel Tom.

For 63-åringen starta travinteressa i 10-12 årsalderen, då han klarte sykla dei tre kilometrane heimanfrå til Jarlsberg Travbane. Han kom seg inn i hesteringen, og byrja å trø i stallane til Ole Østby og Thor Tholfsen etter skuletid. Hesteinteressa vart dyrka til han gjekk ut av gymnaset. Han utdanna seg til ingeniør, og har etter det jobba som rådgjevande ingeniør innanfor automasjon. Han er framleis i fulltidsjobb hjå Omega Holtan AS. Livet deler han med kona Anne Kari. Han har ei dotter frå eit tidlegare ekteskap og tre bonusbarn. Det meste av tida går med til hest, men han klarer å lura inn ein motorsykkeltur i ny og ne.

På slutten av 80-talet eskalerte hesteinteressa igjen. Saman med ein gjeng sparte han litt pengar kvar månad for å kjøpa hest. Det fyrste kjøpet var Baron Zu. Hingsten fekk ikkje så mange startar for sine nye eigarar, men han vann dei to fyrste løpa i deira eige. På midten av 90-talet var det dags for å bli med på eit nytt andelslag. Den andre hesten vann V75-løp og tente ein kvart million kroner. Då byrja ballen å rulla. Andelslaget fekk full klaff med den tredje og fjerde hesten. Fyrst fekk dei siger i Hoppekriteriet, så tok First Eleven L. seg av Kriteriet. Då den femte andelslagshesten, Royale, haldt fram med å ta seg av NM for hopper allereie som 4-åring, var det ingen veg tilbake. Royale og First Eleven L. var begge av dei beste hoppene i sin årgang, og då var vegen kort til avl og oppdrett.

Etter suksessen med dei gode hoppene lånte Tom hoppa Ann Speedy T. av sin gode venn Egil Stensrud. Sjølv om Stensrud er oppdrettar, var det Tom som valte hingst. I Papagayo E. fekk Tom sin tredje Kriterievinnar etter Coktail Jet. Papagayo E. tente over 8 millionar kroner i løpsbanen. Er det ein ting han ønskjer seg, så er det å stå øvst på pallen etter Derby. Tre gonger har han hatt hest til under to i vinnarodds i Derbyfinale, men beste plassering sørga Royale for med sin andreplass.

I 2011 tok Tom igjen tak i avlsbiten og bedekka Royale. Hoppa fekk åtte føl på rad. Det andre avkommet var etter Muscle Hill. Ho såg strålande ut, men vart skada, og bedekka allereie som 2-åring. Hennar fyrstefødde, Ayita, var deltakar både i Kriteriefinalen og Derbyfinalen. Hoppa var den fyrste hesten Kristine Kvasnes fekk i trening, allereie før ho var ferdig utdanna travtrenar. Tom likar å bruka trenarar med lokal tilknyting. No er avlsbiten skilt ut i eit eige selskap og er ein del av gardsdrifta. Om han er medeigar i mange hestar? Eg veit kva dei heiter, kor gamle dei er og kven som er mora og faren, men eg teller dei ikkje, seier han.