En presentasjon av styret:

Ments Tore Møller

skrevet av Charlotte Svendsen

Ments Tore Møller er fyrste vara til styret i Travavl.no. Han har vore omgjeven av hestar i alle år, og er hardt bitt av travbasillen. Han er aktiv med både løpshestar, unghestar og avlshopper. Ingeniøren i han vil systematisera det meste, så han er svært oppteken av treningslære og avlsteori. Minst mogeleg innavl for å få velskapte føl, er eit av hans fokusområde.

For Ments Tore og broren Sven, starta det heile då Linspika var to år gammal. Det var fyrste hesten dei hadde saman. Ho har blitt mor til mellom anna Møller Tor, Møller Jerka og Møller Viktoria. Hesteinteressa starta allereie i barneskulealder. Faren hadde Grand Lady, som vart mor til Grand Master. Grand Master vann 10 løp på sine 29 startar, og vart kåra allereie som 3-åring. Mellom anna tok han banerekord for 3-åringar då han vann han eit 3-årsløp på Oslo Grand Prix-dagen. Han slo Tom Pedro i 3-årsstjernen, før ein skade sette stoppar for den vidare karrieren seinare i sesongen. Borak var ein annan hest, som gjorde at brørne vart glade i å reisa rundt på travkjøringar.

Tomi Sandy er syster til Tamin Sandy og Tomali Sandy. Hoppa vann berre to løp, men ho vart mor til Grand Canyon og Grand Sandy i brørne sitt eige. Grand Sandy er no ei av tre avlshopper hjå Ments Tore. Han avlar òg på Kriterievinnaren Mystical News. Frå USA har han kjøpt inn avlshoppa Photo Fantasy U.S., men planen er at Look De Diamond skal overta hennar plass i avlshoppeflokken, fordi han ikkje er heilt nøgd med avkomma hennar.

Ments Tore overtok ein gard på Nærbø etter tanta og onkelen sin. Han piffa opp løa, slik at det vart ein halvdel som eigna seg til å ha hest. I den andre halvdelen av løa får skuleleie elevar frå Nærbø Ungdomsskule utfolda seg. Tanta og onkelen hans var ivrige og hesteinteresserte, og hjelpte til med føla og avlshoppene. Då dei døydde vart det for mykje å halda styr på for Ments Tore. Dermed vart avlsverksemda flytt til Danmark. Hjå Team Nørbak står dei tre avlshoppene.

Heime på garden har han ei kupert, rund treningsløype på om lag 500 merter. Dei to løpshestane Grand Yankee og Grand Princess, begge etter Grand Sandy, trenar òg i løypene til Tormod og Ole Gaute Gudmestad. Ments Tore likar å koma i gang tidlig, og vil helst ha åringane i litt meir systematisert mosjon allereie frå mars/april som åringar. Hjå Ments Tore er det ingen kvileheim for hestane, og dei trenar gjerne 3-4 dagar i veka, i tillegg til å gå i skrittemaskina. Etter løp legger han ofte inn fem dagar med restitusjonstrening og fri.

Ungkaren tek seg gjerne ein skiferie, men er ikkje like glad i å liggja på stranda. På flyturen les han gjerne ei roman, føresett at boka er verifisert god av andre, men på stranda går det heller i lektyre om trening. Fyrst las han om trening av hest, men no har han gått over på korleis løparar trenar for å oppnå resultat på til dømes 800 og 1500 meter, som svarar til 1600 meter og 3000 meter om ein ser på tidsbruken.

Det er ingen tvil om at han satsar høgt på denne sporten. Han har mellom anna kjøpt bedekningsrett i Muscle Hill, importert avlshoppe frå USA og kjøpt løpshest i Sverige, som skal over i avlsboksen.

I om lag 10 år har han jobba som ingeniør i IKM Subsea. Dei siste fem åra før det, var han frilansar innanfor fagfeltet sitt. Han fleiper med at han på dei fem åra måtte spara opp pengar for å kjøpa gode hestar. Resultata av det er å finna i banen. Kaldblodsane heiter Møller til førenamn, medan varmblodsane heiter Grand. Det er berre å halda auga opne, så er dei å sjå på ein bane nær deg.