x

x

x

skrevet av Charlotte Svendsen

Charlotte Svendsen er ny i styret i Travavl.no. Ho sit som andre vararepresentant. Charlotte er nesten fødd i stallen hjå pappa Håkon Steine i Hardanger. Allereie 10 dagar gammal var ho ute på sin fyrste kjøretur med hest. Då var løpet kjørt. Charlotte har vore i stallen meir eller mindre kvar einaste dag av hennar snart 31 år lange liv.

Så fort ho fylte 16 år, tok ho ut både rekrutt kjørelisens og montélisens. Ho har deltatt i NM for montéryttarar to gonger. Om ho skal trekkja fram ein hest som ho har hatt det spesielt kjekt med i løpsbanen, må det bli Rousseau Detain. Dei vann tre løp saman, deriblant det fyrste montéløpet som gjekk i V5 og med autostart i Bergen. Eit anna løp ho hugsar svært godt er sigeren med Lantern. Løpet vart sponsa av Hennig Olsen Is, og premien var eitt års forbruk av is. Det passa perfekt for søtmonsen som elskar å bake kaker og bollar.

Thai Lady er den hesten som verkeleg har gjort inntrykk på Charlotte. Familiehesten trava inn til 2.plass i Hoppederby med Rune Wiig i sulkyen. Charlotte og mannen Stian lånte Thai Lady av far hennar, og bedekka med ein av deira favoritthingstar, Gentle Star.  Det resulterte i Vertigo Unique, som vann to V75-løp, tente nesten ein halv million kroner og kvalifiserte seg til fleire finalar i deira eige. Vertigo Unique gjekk så over i avlsboksen. I fjor kasta ho etter Quite Easy, men i år fekk ho eit hingsteføl etter den svenske avlschampionen Maharajah. Dette er Charlotte sitt fyrste oppdrett.

Som 15-åring vart ho styremedlem i Hardanger Tråvlag. I 2010 flytta ho til Stavanger. Den driftige tobarnsmora har vore styremedlem i Rogaland Travforbund i fleire år, og fyrste vara til Forus Trav AS. I tillegg til styrearbeidet har ho vore hesteeigar, trenar, amatørkusk, montérytter og reporter, så ho synest det var på sin plass å få på den manglande hatten som oppdrettar.

Til dagleg jobbar ho som nestleiar på Mester Grønn Madla. Der er blomar, binderi og kundar i sentrum.  Charlotte brukar det meste av tida, utanom jobb, i stallen saman med mannen og dei to døtrene deira. For tida står dei to løpshestane Happy Dragon og Photo Creation, åringen Vertigo Bellina, avlshoppa Vertigo Unique, følet Unique Perfection og  shetlandsponnien Emily Fra Hubertus i stallen. Så fritidsproblem har iallfall ikkje småbarnsfamilien.