Per Erik som har besøk av Askers ordfører Lene Conradi.

Per Erik og Cokstile etter Kymi Grand Prix i Finland. Med Francesco Piccorillo (t.h.) Henrikki Halme og Eeva Marjatta Vesterinen.

skrevet av Charlotte Svendsen

Per Erik Hagen er leiar i Travavl.no. Han er utdanna journalist og forvalteragronom, men ser på seg sjølv som hesteoppdrettar på fulltid no. Journalistkarrieren vart avslutta for eitt år sidan. Då hadde han vore nyhendejournalist i Asker og Bærum Budstikke i nesten 30 år. Han sveipa innom som konsulent i Norges Bondelag i seks år, og har tidlegare dyrka grønnsaker, bær og korn som bonde.

Hesteinteressa starta allereie på 1960-talet, då han etter barneskulen var med på å ordne boksar på Linges Stutteri. Olav Linge dreiv stutteriet der hestane fekk Sonny til fornamn. Etter dette hadde Per Erik hest til og frå gjennom oppveksten og ungdomstida, før det vart eit opphald. Saman med kona Lisbeth og dei to døtrene, kjøpte han ein gard i Asker. Denne sette dei i stand, og i 1999 var dei klare for å kjøpa inn ei ordentleg avlshoppe. Det tok Per Erik eit halvt år å finne det rette emnet. Hoppa skulle ha ei stamme som på hoppesida leverte topphestar i fleire generasjonar bakover. Valet falt på Classical Stile.

Classical Stile vart mor til Jetstile, som tok sin største siger då han vann Forus Open. Han vann òg mellom anna Derby, Kriteriet og Prinsesse Märtha Louises Pokalløp. Over 6 millionar tente han. Joystile kom òg frå Classical Stile. Ho er mor til Cokstile, som ikkje treng nærare presentasjon, og Lifestile. Ein av Per Eriks stoltaste bragder er då denne hoppa vart utnemnt til DNTs Eliteavlshoppe, etter Lifestile sin andreplass i Hoppe-Derby i fjor.

Per Erik har vore aktiv i travsporten lenge, og har hatt mange tillitsverv. Han har vore leiar i Asker og Bærum travklubb, styremedlem i Oslo og Akershus travforbund, styremedlem i Bjerke Travbane, varamedlem til styret i DNT, medlem og leiar av avlskomitèen til DNT, medlem av Breeders Committe UET, leiar i Travavl.no og no er han tilbake som sekretær i Asker og Bærum travklubb.

Coktail Jet er utan tvil hans favoritthest. Han hugsar svært godt Elitloppsavslutninga som gav han siger i 1996. Via hans genar har Per Erik fått oppleva mange gleder med sitt Stileoppdrett.